søndag 3. april 2016

Vår og håp i lufta

Det er utruleg kor mykje sola varmar ein vårdag - og kor avhengige vi er av sola. Sola gir oss varme, livslyst og håp om ei levande og god framtid. Det er godt å oppleve at sola igjen lyser og varmer. Det er godt å oppleve at nokon ein er glad i, igjen opplever trygghet og glede. Det føles som når sola dukkar opp i ein soloppgang bak fjellet.

Av og til kan vegen føles bratt og uoverkommeleg. Men når ein ser blå himmel og sol i enden av stien, er det mykje lettare å gå...

Bølgene som slår innover land har ei stor kraft - dei lagar mykje lyd og dominerer omgivelsane. Slik kan det føles når ein står i ein kamp - når ein er ferdig med ei bølge kjem det alltid ei ny som kanskje er sterkare enn den forrige. Livet kan opplevast som ei eit stort hav, der ein føler at ein kjempar mot bølgene. Ein må då ha kraft og styrke til å løfte blikket - kor skal eg finne hjelp - 


Legg din vei i Herrens hånd!
Stol på ham, så griper han inn.

Salme 37,5

Hillsong har utruleg mange sangar som gir styrke og mot - ein av dei er denne "Still":

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar