tirsdag 12. april 2016

Larger than life - Større enn livet

Eg bestilte nokre varer på Netonnet ein dag. Då eg henta varene på posten hengte eg meg opp i skrifta som var trykt på sida - LAGER THAN LIFE. I farta så såg eg ikkje at det stod LAGER og ikkje LARGER. Eg blei nesten irritert fordi dei hadde det slagordet, for NetonNet kunne vel ikkje vere Større enn livet. Men så såg eg at det var jo LAGER det stod. Ha ha.. Det var vel meininga at ein skulle lese det feil. Men det fekk meg til å tenke på kva som er større enn livet... 

Eg reflekterte vidare på dette... Eg er veldig glad i livet, og kan nesten ikkje tenke på noko som er større enn det, familien min, naturen osv.. redd for at noko skal bli forandra eller tatt bort..

Men slik eg tenker på det er det berre ein som er større enn livet - Gud. Når eg tenkjer på alt han har gjort, blir eg berre takknemlig. Han er verkeleg

LARGER THAN LIFE

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar