fredag 15. april 2016

Efesarane 2,1-10 - dagens bibelvers


1 De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige. 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen vreidens born liksom alle dei andre.
        

  4 Men Gud er rik på miskunn. 
Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. 
Av nåde er de frelste. 
6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. 
Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 
9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 
10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar