fredag 29. april 2016

Dagens bibelord


5 Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: ‘Kjære, lån meg tre brød! 6 Ein ven som er på reise, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.’ 7 Trur de at han då svarar der inne frå: ‘Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.’ 8 Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det for venskap skuld, så står han i det minste opp fordi han er så pågåande, og lèt han få alt han treng.
        
9 Og eg seier dykk: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. 10 For den som bed, han får. Den som leitar, han finn. Og den som bankar på, skal det latast opp for.
        
11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilage ande til dei som bed han!»
Lukas 11,5-13 


Det er godt å vite at Gud er så god, og at han vil hjelpe i alle situasjonar.
Ønsker alle ein trygg og flott dag, men vissheta om at Gud er med. Det er berre å be eller banke på, så er Han der. 




mandag 25. april 2016

Vakker morgonstund

Bilder frå dagens soloppgang kl 6.10


 
Takk Gud for
vakre morgenstunder
Takk Gud for
hver en dag du gir
Takk, Gud for
dette store under,
du fra synd meg frir



Tekst og melodi: Martin G. Schneider
norsk tekst: Kjell Grønner

søndag 24. april 2016

Påfyll

Lørdag er dagen då helst alt skal skje.. Ein skal ha ein roleg morgon med ein god frukost, ein skal rydde og vaske hus, handle inn til helga og til neste veke, puste litt innimellom, drive med oppussing, klesvask m.m, og så skal ein ha litt påfyll, helst av sosial karakter...
Lørdag blir ofte ein hektisk dag der ein opplever at ein ikkje har fått gjort alt en hadde lyst til... Er det andre som har det slik?

I går var eg så heldig å få feire ei venninne som blei 40 år! Det var så koseleg! Ho hadde invitert 9 venninner til sushi, vin og tilslutt kaffi og kaker. Det var så koseleg å roe ned med latter, prat og god mat. Det blir så altfor sjelden...
Kjenner at det ga meg påfyll...



 I dag har eg tenkt at eg skal på søndag-for-alle, og eg skal synge i Lovsangsteamet. Det er lenge sidan sist... Men eg kjenner at det er viktig for meg også å få påfyll av slik karakter... Og få synge lovsang... Sangen gir meg ro og trygghet.

Ønsker alle ein god søndag! La den vere ein søndag med litt påfyll....






 

torsdag 21. april 2016

Klippen

  I dag er det antydning til storm, regn og uvær. Også i livet kan ein føle at det raser ein storm. Ein ser ikkje lenger fram enn akkurat no, og usikker på kva dagane vil bringe. Eg kjenner ei uro i hjertet, eller magen, eller overalt... Men då er det godt å tenke på at vi har ei klippe som alltid står fast. Uansett kva vi vil møte dei neste dagane, er der ei klippe som held!
 
Klippen

Takk for alt du har gjort for meg
Din trofasthet den er stor
Når jeg føler meg svak i meg selv
Da får jeg kraft fra Ditt ord

For Du er klippen som alltid alltid står fast
Selv om det stormer omkring
For Du er klippen som alltid alltid står fast
Selv om det stormer omkring
 
Ein flott lovsang som gir ro og trygghet når det stormer i ditt indre. 

onsdag 20. april 2016

Ein dimensjon i kvardagen

Desse dagane har eg mykje kontortid i bilen, og då har eg alltid radioen på. Radioen gir både nyheiter, informasjon, oversikt, gode ord og mange gode sangar og god musikk. Tek meg i å høyre mykje på P1, der nyheter, tradisjonelle sangar og "normale" saker er i fokus. Liker dårleg å høyre på reklame og støyende musikk.. eg har vel begynt å bli gammal... 
Men eg høyrer også mykje på Fm101 - Radio Sunnmøre. Synes at dei sender mykje god musikk og har aktuelle intervju og andakter. Det gir pågangsmot og nærhet til Gud. Får også tips til mange gode sangar som eg kan synge eller spele. Anbefaler alle å skru på radioen og ta imot det som den serverer. Det gir ein ny dimensjon i kvardagen. Eg legg ved link der ein kan lese om Radio Sunnmøre Les om Radio Sunnmøre  , og også link der ein kan lytte til radioen Lytt til Radio Sunnmøre her.

Dagens gode bibelord er:


18 Mine born, lat oss elska, ikkje med tomme ord, men i gjerning og sanning! 19 Slik skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa vårt hjarte for hans andlet. 20 For om hjartet vårt fordømmer oss, er Gud større enn hjartet og veit alt. 21 Mine kjære, dersom hjartet vårt ikkje fordømmer oss, har vi frimod for Gud. 22 Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er godt i hans auge. 23 Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt hans Son, Jesus Kristus, og elska kvarandre, slik han baud oss. 24 Den som held hans bod, blir verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.
 1. Joh 3.18-24


fredag 15. april 2016

Efesarane 2,1-10 - dagens bibelvers


1 De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige. 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen vreidens born liksom alle dei andre.
        

  4 Men Gud er rik på miskunn. 
Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. 
Av nåde er de frelste. 
6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. 
Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 
9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 
10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.