Ingenting er bedre enn å vakne opp til sol og blå himmel. Då kjenner eg at kroppen lader seg opp og lagrer ny energi. Å få sitte med frokost-skiva si og ein kaffikopp, og nyte utsikta. -Ærfuglane som på nytt kjem svømmande i store flokkar, og samlar mat og svøm nedanfor oss. Tjelden som tuslar i fjøra, måkane som også jobbar for dagens næring, og ei havørn som har fått småfuglane etter seg fordi ho er trugande - Alt dette er svært beroligande å sitte å sjå på. Og alt skjer kvar dag, sjølv om det er søndag, eller ein annan dag der alt er kaos. Dyrelivet er like rikt kvar dag. Dei har eit enkelt liv, men samstundes er kampen om å overleve reell kvar dag.
![]() | |
Å sitte å sjå på denne utsikta ein vårdag er som balsam for sjela. Å få kjenne at sola varmar og at sommaren nærmar seg, gir håp og tru på gode dagar. |
![]() |
Ein annan vårdag er kontrasten stor til bildet over, og lite minner om at sommaren nærmar seg. |
Jesaja 43:18-19
Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var! Sjå eg skapar noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Alt skjer av kjærleik, og det gir kjærleik og glede.
Nydeleg søndag til deg og dine :-)
SvarSlett