torsdag 31. mars 2016

Hestehoven - vårteikn

Eit sikkert vårteikn er hestehoven som kjempar seg opp gjennom asfalten. Vanskelege vekstforhold, men alikevel gul og fin. Eit fint teikn på at det faktisk er vår, sjølv om snøen truer.



Å den som var en hestehov som stakk fram fra en bakgårdstrapp 

i Bispegata 3

Den aller første hestehov som skinte med en sol om kapp 

i Bispegata 3

Så noen skulle plukke meg, 

og noen skulle være deg

Du festet meg ved blusen din,

så gikk du ut i vårens vind

og jeg fikk være med.   

-Alf Prøysen-



Her blir det snart yrende badeliv. No står benkane og badebrygga på vent, slik dei har stått sidan august. Det blir godt med sol og varme.  Snøbyga er heldigvis ikkje kraftig nok til å gjere det kvitt. Våren er sterk nok til å vinne over vinteren, og naturen vaknar til liv igjen. Våren er ofte den beste tida, fordi då har vi håpet om ein god og varm sommar. Eg lengtar etter sommaren, men prøvar å sette pris på alle gode vårteikn! Snøbyga som var her har eg gløymt....

Tydelege teikn på at det grøne har begynt å spire i snøbyga.

1 kommentar: