onsdag 30. mars 2016

Chloè - solstrålen vår

Ein dag i november kom det litt solskin inn i heimen vår - vi fekk ein kvalp som vi ga namnet Chloè. Det er utruleg kor mykje glede og varme det kan vere i ein liten hund. Frå før hadde vi hunden Sheba som var 6,5 år gamal. Ho er også snill og god, men ingen kosehund. Dersom ein ønsker seg ein kose- og sofahund er Bichon Havanais det rette valget:)
Chloè 8 veker gamal.


Alle i familien er veldig glad i Chloè, og til og med Sheba har godteke å dele heimen med eit nytt familiemedlem. Chloè har eit stort forbilde i Sheba, er alltid hoppende glad når ho kjem. Når Sheba har fått nok av leik og glede, går ho raskt ned i kjelleren der ho får fred.

Chloè varmar seg etter ein travel tur i snøen. Godt når nokon breier over ein.




Chloè 6 månader gamal. Ein skikkeleg kosebamse, rett og slett.


Begge hundane elskar å vere ute i naturen, og blir gjerne med på tur om det er i fjøra, fjellet eller på ski, eller berre ein rusletur i hagen for å sjå på snøklokkene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar