søndag 22. mai 2016

Det er i motbakke det går oppover

Dette ordtaket har eg høyrt mange gongar, men når ein står midt i motbakken og kampen er det vanskeleg å tenke på det. Eller også å forstå at slik er det. Då har ein meir enn nok med å klamre seg fast i håpet om at alt vil bli bra, og at Gud er med heile vegen.
Ein kan takke for at etter ei periode i motbakke flatar litt ut, og at ein kan få kjenne på litt ro og trygghet. Det er godt å kjenne at det å vere tålmodig og trygg har ført til framgang. 

Sangen "Du omgir meg" eller "Du omsluter mig på alla sidor" har vore ein god følgesvenn kvar dag.  Her kan du høyre denne sangen : Du omsluter mig på alla sidor .






Fantastisk at ein kan føle på tryggheten om at Han omgir meg på alle sider, om ein vandrar på utrygge vegar, i mørke, eller om alt føles vanskeleg, så er han der og bærer deg. Når vi ser kor fantastisk og mektig natur Gud har skapt, så kan vi også vere trygg på at han er med lille meg. Han er også med når alt er lett... Det er desse dagane vi skal huske på å takke for at Han var med når det var vanskeleg. Det er rart, men det er mykje lettare å søkje Gud i vanskelege tider, enn når alt går på skinner. Så i dag vil eg minne om at Gud er med både når du har det lett og vanskeleg, og vi må huske å takke Gud i alle livssituasjonar.

 
Om du ser godt etter, kan du sjå at dette er eit hjerte. 
 

1 kommentar: