torsdag 31. mars 2016

Hestehoven - vårteikn

Eit sikkert vårteikn er hestehoven som kjempar seg opp gjennom asfalten. Vanskelege vekstforhold, men alikevel gul og fin. Eit fint teikn på at det faktisk er vår, sjølv om snøen truer.



Å den som var en hestehov som stakk fram fra en bakgårdstrapp 

i Bispegata 3

Den aller første hestehov som skinte med en sol om kapp 

i Bispegata 3

Så noen skulle plukke meg, 

og noen skulle være deg

Du festet meg ved blusen din,

så gikk du ut i vårens vind

og jeg fikk være med.   

-Alf Prøysen-



Her blir det snart yrende badeliv. No står benkane og badebrygga på vent, slik dei har stått sidan august. Det blir godt med sol og varme.  Snøbyga er heldigvis ikkje kraftig nok til å gjere det kvitt. Våren er sterk nok til å vinne over vinteren, og naturen vaknar til liv igjen. Våren er ofte den beste tida, fordi då har vi håpet om ein god og varm sommar. Eg lengtar etter sommaren, men prøvar å sette pris på alle gode vårteikn! Snøbyga som var her har eg gløymt....

Tydelege teikn på at det grøne har begynt å spire i snøbyga.

onsdag 30. mars 2016

Chloè - solstrålen vår

Ein dag i november kom det litt solskin inn i heimen vår - vi fekk ein kvalp som vi ga namnet Chloè. Det er utruleg kor mykje glede og varme det kan vere i ein liten hund. Frå før hadde vi hunden Sheba som var 6,5 år gamal. Ho er også snill og god, men ingen kosehund. Dersom ein ønsker seg ein kose- og sofahund er Bichon Havanais det rette valget:)
Chloè 8 veker gamal.


Alle i familien er veldig glad i Chloè, og til og med Sheba har godteke å dele heimen med eit nytt familiemedlem. Chloè har eit stort forbilde i Sheba, er alltid hoppende glad når ho kjem. Når Sheba har fått nok av leik og glede, går ho raskt ned i kjelleren der ho får fred.

Chloè varmar seg etter ein travel tur i snøen. Godt når nokon breier over ein.




Chloè 6 månader gamal. Ein skikkeleg kosebamse, rett og slett.


Begge hundane elskar å vere ute i naturen, og blir gjerne med på tur om det er i fjøra, fjellet eller på ski, eller berre ein rusletur i hagen for å sjå på snøklokkene.

tirsdag 29. mars 2016

Jeg løfter mine øyne mot fjellene

 
Jeg løfter mine øyne mot fjellene.
          Hvor skal min hjelp komme fra?
         
   
 2 Min hjelp kommer fra Herren,
          himmelens og jordens skaper.
         
   
 3 Han vil ikke la din fot vakle,
          din vokter vil ikke blunde!
         
   
 4 Se, han blunder ikke og sover ikke,
          Israels vokter.
         
   
 5 Herren er din vokter,
           Herren er din skygge
          ved din høyre hånd.
         
   
 6 Solen skal ikke skade deg om dagen,
          heller ikke månen om natten.
         
   
 7 Herren skal bevare deg fra alt ondt.
          Han skal bevare ditt liv.
         
   
 8 Herren skal bevare din utgang og din inngang
          fra nå og til evig tid.

Salme 121

Ein flott salme og eit stort løfte!

mandag 28. mars 2016

Kvar går vegen?

Av og til kan ein lure på kvar vegen går vidare. Bildet er tydeleg, og viser retning rett mot nord. Det hadde vore godt om nokon kunne stått som eit skilt å vist ein tydeleg kva retning ein skal gå og kva valg ein skal ta i livet også. Etter eit tøft halvår, er det spennande å på nytt starte på kvardagen etter påskeferie. Heldigvis er der nokon som er med heile vegen...

Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand.
                                                                                 Jesaja 41.10

Det er godt å vite, når ein kjenner frykta for det ukjente der framme. Han har lova å vere med heile vegen!

 
I dag har familien vore på ein tur på Fjellstova i Ålesund. Vi har gått alle dei 418 trappetrinna. Det er alltid kjekt å kome på toppen og nyte utsikta! Og så avslutte med Frappè og Milkshake som "premie"! 
Utsikt mot Ellingsøya
I går hadde vi også eit mål om å gå trappene opp mot Aksla. Men på grunn av stiv kuling, hagl og regn, tok vi i bruk Fjellvettregel nr 8 - "Vend i tide, det er ingen skam å snu" etter å ha gått ca 100 trappetrinn!
Trappetrinna opp mot Aksla frå byparken.

søndag 27. mars 2016

Mitt første innlegg som blogger - Påskedag

I dag er det påskedag - vi feirer at Jesus stod opp frå grava!
Eg og mannen min var i Ellingsøy kyrkje på gudsteneste for å markere denne høgtidsdagen!
Den flottaste påskesangen eg veit om er Deg være ære

DEG VÆRE ÆRE

Deg være ære, Herre over dødens makt!
Evig skal døden være, Kristus underlagt.
Lyset fyller haven, se en engel kom,
åpnet den stengte graven, 
Jesu grav er tom! 

DEG VÆRE ÆRE, HERRE OVER DØDENS MAKT!
EVIG SKAL DØDEN VÆRE, KRISTUS UNDERLAGT

Se, Herren lever! Salige morgenstund!
Mørkets makter bever. Trygg er troens grunn.
Jubelropet runger; Frelseren er her!
Pris han alle tunger, Kristus Herre er!

Frykt ikke mere, evig er han med!
Troens øye ser det, han gir liv og fred
Kristi navn er ære, seier er hans vei.
Evig skal han regjere, aldri frykter jeg. 


DEG VÆRE ÆRE, HERRE OVER DØDENS MAKT!
EVIG SKAL DØDEN VÆRE, KRISTUS UNDERLAGT







 Fantastisk å tenke på at Gud har seira over alt det onde, og at vi treng ikkje frykte for noko!
ØNSKER MED DETTE Å ØNSKE ALLE EI GOD PÅSKE!

Bileta er teke på øya Vigra, på ein familietur Langfredag. Det er fantastisk for ein flott natur vi er omgitt av! Eg er takknemlig!